Grisebank

Fra Ikkepedia
Gå til: navigasjon, søk

Betydning 1: Slakteri

Betydning 2: Slakteinitierande kampteknikk brukt mot svin

Betydning 3: Å bli fatalt angripen av svin

1. Slakteriet kan med litt oppfinnsomhet sjåast på som ein slags bank for daude grisar og delar av desse. Det er i alle fall nok daude grisar på eit slakteri til å kunna mistenkja dei for å starte ein grisebank.

2. Grisebank som slakteinitierande kampteknikk, går ut på å setje den lite slaktevillige grisen ut av spel sånn at du kan bedøve han utan å rispe so mykje med morfinsprøytespissen. Tenk deg so ubehagelig det ville vore om grisen sprang rundt som ein gal då du skulle sette sprøyta i han? Nei, det hadde nok vorte vondt for han.

3. Å få grisebank er noko ein ikkje unnar nokon, bortsett frå dei ein ikkje likar særlig godt. Grisebank i sin enklaste form er at du blir fatalt angripen av ein gris. Han drep deg heilt til du dør av det. Vanligste dødsårsak i forbindelse med grisebank er: drap.