Norsk (skolefag)

Fra Ikkepedia
Gå til: navigasjon, søk

Norsk er eit fag i skulen der lærarane nyttar tortur til å presse riksmålspropaganda inn i hovuda på elevane. Allereie frå fyrste klasse vert dei tvinga til å lesa tekstar på riksmål og hjernevaska til å tru at Gud laga det. Før dei byrjar med nynorsk, passar lærarane på at dei ikkje tek til seg ei god innstilling til nynorsk. Dette gjer dei ved å skjult gjeva elevane falsk informasjon slik at elevane trur nynorsk vart laga av Satan sjølv.

Målstrid[rediger]

Som nemnt tidlegare, nyttar lærarane skjult propaganda til å få elevane til å tru at nynorsk ikkje er bra. Mellom anna gjev dei pluss i boka til elevar som skriv konservativt riksmål, medan dei gjev minus til elevar som nyttar nynorsk. Dette gjer dei fordi Rigsmaalsvorbunded fortalde dei at dei skulle gjera det.

Anna innhald[rediger]

Litteraturanalysering[rediger]

Litteraturanalysering er skumle saker. Då vert elevane tvinga til å skriva alt dei kan om ein grusom tekst som læraren hev funni. Symbola, metaforane og temaa i tekstane er forventa at elevane tek med. Måten ein finn slikt på er ikkje enkel og det er betre å velje eit felleleg ord som tema, ei setning du liker som metafor og noko tull med skrifttype Wingdings til symbol. Denne oppskrifta slær nesten aldri feil og gjev eleven minst 3.

Dei ti Bodorda (norsklærarutgåva)[rediger]

Hugs at norsklærarar ikkje er mattelærarar og at dei difor ikkje kan telle. Difor må du ikkje vona at det er ti bodord. Hugs at sia dette er Riksmålsvorbunded sine ord, er det skrivi på «wannabe-dansk» (som grunnlova).

  1. Du skal modificere dine elevers opfatning av samnorsk og nynorsk og fortælle dem at disse sprogformer er lavet af fanden selv.
  2. Du skal tvinge dine elver til at bruge riksmaal eller endnu bædre, rigsdansk. Samnorsk skal afvises og straffes hårdt. Elever der bruger former der nærmer sig nynorsk skal gis anmærkning, mens elever der bruger sideforme lik riksmål skal beløndes med tittel som klassens bædste i norsk.
  3. Du skal icke under nogen omstendigheter akceptere at nogen af dine elever bruger -a-ændelser, hunkønsord og andre sideforme der nærmer sig nynorsk. Sådanne elever må blive udhængt, offentlig ydmyket og latterliggjort til det ekctreme. Det må gøres nar av sådane. Du skal også kritcere elever der fraviker fra korrekt riksmålstale.